Ryggforeninga godt representert på MUSS-konferansen

16. og 17. november 2023 gjekk den 12. Muskel- og skjelettkonferansen (MUSS-konferansen) av stabelen. Vi i Ryggforeninga var her for å halde oss oppdaterte på kva som skjer innan forskingsverda, men mest av alt for å knyte kontaktar slik at vi kan få påverke meir innan forsking.

Den nasjonale forskingskonferansen for muskelskjeletthelse, ein tverrfagleg konferanse som dekkjer forsking innan muskelskjelettskader, -sjukdommar og -plager, er eit møtepunkt for forskarar, helsepersonell, brukarar, klinikarar og andre som er interesserte i muskel- og skjeletthelse. Nettopp difor er det så viktig at vi i Ryggforeninga er med for å vise kven vi er og kvifor det er så viktig å ta oss med allereie i idémyldringsfasen av eit forskingsprosjekt. Vi har mykje kunnskap om kva vi ikkje får svar på når vi har fått utfordringar med muskel- og skjelettsystemet. Vi veit også ein heil del om kva som fungerer og ikkje fungerer når det skal forskast på muskelskjeletthelse.

Sjølv om muskelskjeletthelse saman med psykisk helse er våre to største folkehelseutfordringar så blir det forska mykje mindre på muskelskjeletthelse enn på både hjerte/karsykdommer og kreft. Og ikkje nok med det så anser ein at 85 % av forskinga er bortkasta. Prøver ein for eksempel å finne forsking på sittehemming som mange med ryggplager har, så finn ein så godt som ingenting. Så mange som 75 % av Norges befolkning opplev smerter eller plager frå muskel- og skjelettsystemet og det blir stadig fleire, ifølgje fleire forskarar på MUSS-konferansen.

Vi i Ryggforeninga jobbar difor for å bli meir synlege og for å få påverke meir innan forsking for at forskinga skal bli meir relevant og nyttig. Får vi medvirke meir i forsking, kan vi vere med på å dekkje dei store kunnskapshola vi har innan muskelskjeletthelse.

Nyfiken på korleis du kan få påverke i forsking? Ta gjerne kontakt med oss!

På bildet ser du Kathrine Vadøy og Karin Hoel foran en av posterpresentasjonene på årets MUSS konferanse.

Tekst: Kathrine Vadøy  Foto: Eli Steen

Skroll til toppen