Vi i RiOA inviterer til sommeravslutning på Roseslottet med guida omvisning og sommarlunsj på Frognerseteren restaurant.
Tidspunkt: onsdag 7. juni kl. 11.45 utafor inngangen til Roseslottet. Omvisning kl. 12.00 og lunsj kl. 14.00.
Påmelding: sendast innan 26. mai til: bernyharj@gmail.com. Informer også om allergier eller andre behov.
Eigenandel: kr. 200,- dekkjer inngangsbillett og omvisning på Roseslottet + lunsj på Frognerseteren. Lunsjen er rekesmørbrød med salat/grønt og heimebakte brød. Til dessert blir det eplekake. Eigenandelen betaler ein til Rioakonto: 7874 05.55226. Vi minner om at drikke ikkje er inkludert.
Det er begrensa med plassar til arrangementet så ver snar med å melde deg på!
For meir informasjon om Roseslottet søk på Roseslottet.no: https://roseslottet.no/ eller følg Roseslottet på Facebook og Instagram.
Slik kjem du deg til Roseslottet:
Roseslottet ligg på toppen av Holmenkollen i Oslo, på høgda over Frognerseteren restaurant. Kjem du med bil, kan du parkere ved Øvresetertjern, cirka 200 meter frå inngangen til Roseslottet. Har du HC-kort, kan du parkere på handicapparkeringa ved inngangen (følg skilting).
Det enklaste for dei som kan, er å ta T-bane linje 1 til endestasjonen Frognerseteren. Det tar cirka 30 minutt frå Oslo sentrum. Innganen til Roseslottet ligg rett ved. For meir informasjon: https://roseslottet.no/veibeskrivelse/
Vi sjåast i juni!:)