Halvdagsseminar i Mensendieck

Start hausten med å bli med oss på ei innføring i kva Mensendieckøvingane kan gjere for deg og kroppen din!

Lørdag 26. august frå kl. 11 i lokala til Storo og Nydalen Mensendieck-fysioterapi vil fysioterapaut Martina Kaufmann med mangeårig erfaring frå gruppe-, bedrifts- og privatundervisning i Mensendieck fysioterapi-treningsgrupper, Taijiquan, Qigong m.m. gi oss ei innføring i kva Mensendieckmetoden er og vi vil få prøve det ut i praksis.

Kl. 14 blir det servert lunsj og det blir tid til erfaringsutveksling.

Martina Kaufmann jobbar på ortopedisk klinikk på Oslo Universitetssykehus og som privatpraktiserande fysioterapaut ved Storo og Nydalen Mensendieck Fysioterapi. Undervisning, trening og erfaringar i grupper både som forebyggjande og behandlande tiltak, ligg Martinas hjarte nær. Ho ynskjer å inspirere gruppedeltakarane til ei kroppsleg og direkte bevegelseserfaring som kvar enkelt kan overføre til sin kvardag.

Målet med formidlinga av øvingane er å bevisstgjere eigen kropp gjennom å spenne og avspenne musklane i kroppen. Øvingane er skånsomme og lette å få til på eigehand. Dei har som mål å skape god balanse i muskulaturen for betre funksjon i kvardagen.

Mensendieck på Storo har lang erfaring innan både behandling og trening av muskel- og skjeletthelse. Dei held til i fine lyse lokale i 4. etasje vis-a-vis Storosenteret. Dei har både gruppetrening og individuell trening. I tillegg har dei eit lokale kor medlemmane kan komme og trene på eige initiativ.

Mensendieck-fysioterapauter leier gruppetreningane som foregår på dag-, ettermiddag- og kveldstid. Mensendieck passer for kvinner og menn i alle aldre. Gruppene har ca. 15 deltakarar. Treninga er variert, og blir tilpassa behovet til deltakarane. Ein får også individuell rettleiing.

Sett av lørdag 26. august allereie no, og ikkje gløym å melde deg på innan 30. juni her: https://forms.gle/hS7At8ZeSQAjVYds8 . Det er sett eit maks antal på 20 stykker. Arrangementet er gratis for medlemmar. Og hugs: kle som er behagelege å bevege seg i!

Lenke til nettside og FB-side for meir informasjon om Mensendieck:

https://fysio.no/mensendieck

https://www.facebook.com/profile.php?id=100052847359128

Kan du ikkje denne datoen, men har lyst å vere med seinare? Send oss gjerne ein e-post!

Skroll til toppen